22. august - 28. september, 2003
akvarell
Mona Grønstad viser her ein serie akvarellar der motivet er frå Havanna. Det er livet i byen, og då særleg folkelivet, mellom, og inni dei skugge- rike søylegangane.
Skiftet mellom lys og skuggar, somme tider hardt og kvast, andre tider mjukt og smygande. Det er noko sansevart i bileta til Mona Grøstad. Ei sansing i augneblinken, som kverv inn i minnet, for så og hentast fram att, slik som ein hentar fram minnet av ein draum. Søylene og byggverka har vore der lenge, og skal vere der lenge. Menneska kjem og går, dei er ustadige, flagrande blaff. Lys og skugge fell over dei, alltid i forandring. Synlege ein augneblink, så kverv dei og er borte. Var det slik det var det ein minnest.
Fridtjov Urdal